Sangpedagog
Dei siste 5 åra har eg jobba som songpedagog i tillegg til å være utøvande songar. Eg er utdanna songpedagog frå Complete Vocal Institute i København, og har undervist alt frå musikalartistar, artistar, skodespelarar til heilt uerfarne songarar sidan eg starta utdanninga i 2017.
Som songpedagog brenn eg for å vise deg alt du kan få til med rett teknikk og øving, og alt stemma di kan gjere på ein sunn måte. Og ikkje minst, korleis du kan få kontroll. Alle høge tonar, stemmeeffektar, volum og klangfargar kan gjerast på ein bærekraftig måte, slik at du kan halde ut 7 show i veka, om det er jobben din. Komplett sangteknikk (CVT) er ei sjangerfri tilnærming til synging. Det betyr i hovudsak at eg fokuserer på instrumentet ditt, og ikkje kva du bruker det til. Når det er sagt så har eg god kjennskap til dei fleste rytmiske sjangrar gjennom mitt eige virke som utøvande songar.
Eg underviser heime hjå meg sjølv på Strømmen, gangavstand frå Strømmen togstasjon, og sett av og til opp undervisningsdagar på Øvingshotellet i Oslo.
Sangtime 45 min: 750,-
Sangtime 45 min på Øvingshotellet: 850,-
Workshop i Komplett sangteknikk (CVT – Complete vocal technique)
Eg held workshop for kor, foreningar, folkehøgskular og liknande. 2 eller 3 timar med innføring i teknikken + undervisning i masterclass, om det er ønskjeleg. Send meg ein epost så lagar vi opplegg saman.
Ta kontakt på epost for å booke sangtimar eller workshop i Komplett sangteknikk (CVT) jorunnundheim@gmail.com
