Haugtussa i nye tonar
25. oktober 2019 gav komponist Bjørge Verbaan og eg ut albumet «Der draumar sviv». Albumet er laga på tinging frå Nasjonalt Garborgsenter og innheld 14 tonsette dikt frå Haugtussa av Arne Garborg. Verket vart urframført i Storstova kulturhus på Bryne 20. oktober samme år.
Tonsettingane befinn seg i eit akustisk viselandskap. Gamle tradisjonsrike folketoneinstrument møter populærmusikk og improvisasjon.
Haugtussa er skriven på Jæren, heimplassen min. Eg vaks opp i Veslemøy sitt rike, på garden som diktarstova Knudaheio ligg på og i naturen som vert skildra av Garborg. Gjennom musikken og ikkje minst, Sigbjørn Reime si språkmoderniserte tekst, har vi laga ei Haugtussa for vår tid, som eg trur mange vil kjenne seg att i.
Multiinstrumentalist og tryllekunstnart Tarjei Nysted har produsert plata saman med komponist Bjørge Verbaan.
“«Der draumar sviv» er ein kvar pensjonert norsklektor sin våte draum. Musikken speglar tematikken i diktet, og toneleiet og stemmen til Jorunn er som ein tidleg vårdag og ei tung haustnatt på same tid: Snill, kraftig, mjuk, stor og skjør.” – artistfoto.no
“Spesielt songen «Elsk» – basert på det vakraste kjærleiksdiktet som er skriven, var heilt fenomenal. Her gjekk dei to artistane vekk frå dei snille, lettspiselege folkevise-tonane, og heiv seg ut i ein vill og vakker song som spegla innhaldet og intensiteten i diktet. Jorunn viste fram krafta i røysta, og song hjartet rått og tomt i heile stemmespekteret. Og denne dama kan syngje! Det var vilt, det reiv og det fengsla.” – artistfoto.no
Sjekk ut kva Nasjonalt Garborgsenter skreiv om urframføringa: Der draumar sviv – Urframføring